Formidlingsoppgåve

Formidling er ein grunnleggande verdi i UNESCO sitt arbeid, og temaet har høg prioritet i verdsarvområda. Formidling har ein nøkkelfunksjon både i bevaringsarbeidet og med omsyn på å skape ny aktivitet som bidreg til ei positiv utvikling i området.

Det fins store mengder informasjon om verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap tilgjengeleg. Ei rekkje undersøkingar og utgreiingar innan ulike fagfelt er dokumentert skriftleg, og i tillegg er det skrive mange bøker og artiklar om området...

Les meir…

Logo og identitetsutvikling

Det er utvikla ein eigen logo/identitet for verdsarvområdet Vestnorsk. Logoen er utvikla i tett samarbeid med designbyrået ElleMelle i Ålesund. Elles har representantar for begge delområda vore med, Direktoratet for naturforvaltning, Riksantikvar og fylkesmennene.

Bakgrunnen for at Vestnorsk fjordlandskap starta arbeidet med utvikling av ein eigen logo og identitet for verdsarvområdet var tredelt:
- Ønske om identitetsbygging
- Behovet for å samle 6 kommunar og tre fylke rundt ei viktig...

Les meir…

Informasjonssenter verdsarv

I samband med den offisielle markering av verdsarvstatus for Vestnorsk fjordlandskap i juni 2006, vart samstundes informasjonssenteret for verdsarvområdet opna ved Norsk Fjordsenter i Geiranger. Dåverande miljøvernminister Helen Bjørnøy stod for opninga.

I informasjonssenteret får du oppleve det dramatiske og inntrykkssterke i landskapet, gjennom ein multivisuell presentasjon av verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap. Presentasjonen gjev deg innblikk i grunnlaget for inskripsjonen og...

Les meir…

Publikasjonar

Statsparten har ansvar for å utvikle informasjonsbrosjyrar for dei sju verdsarvstadane i Noreg.

Det er Direktoratet for naturforvaltning (DN) og Riksantikvaren som saman har gjeve ut informasjonsbrosjyren Vestnorsk fjordlandskap. Brosjyren vert gjeven ut på nynorsk og i språka engelsk og tysk.

Brosjyren gjev ei god innføring i grunnlaget for at Vestnorsk fjordlandskap har kome på verdsarvlista, og i tillegg får ein nyttig informasjon om området.

Kontakt sekretæriatet for Vestnorsk...

Les meir…

Skilting og informasjonstavler

Parallelt med arbeidet med utvikling av ny logo og identitet for Vestnorsk fjordlandskap vart det utarbeidd ein skiltmal for verdsarvområdet. Arbeidsgruppa har vore den same i begge prosjekta.

Malen er utvikla i nært samarbeid med Arkeoplan i Molde, og dei fyrste informasjonstavlene for verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap kom opp i 2008 og 2009.

Informasjonstavler
Det er vidare utvikla plakatmalar til skiltkonstruksjonane. Malane er utvikla for at informasjonspunkta skal kunne ha ein...

Les meir…

Foredrag om Vestnorsk fjordlandskap

Den vanlegaste måten å drive formidling om verdsarven på, har vore gjennom foredrag og historieforteljing.

Sekretariatet har sidan oppstarten drive eit svært aktivt formidlingsarbeid gjennom ulike oppdrag som foredrag om verdsarvområdet, faglege innlegg, informasjonsrundar til skular, organisasjonar og lokalbefolkning. Likeeins er talar med verdsarv som tema er eksempel på viktige formidlingsoppdrag.

Noko av det flottaste er å kombinere faglege innlegg med opphald ute i sjølve...

Les meir…

Opplev verdsarven - Geirangerfjord området

Vestnorsk fjordlandskap representert ved Geirangerfjordområdet og Nærøyfjordområdet er eit av dei beste døma i verda på fenomenet fjord, og området er eit av dei mest utprega fjordlandskapa i verda. Landskapet er rikt på kontrastar, med eit unikt samspel mellom naturlandskap og kulturlandskap. Det er stor spennvidde mellom fjord og fjell, og dette gjev eit variert bilete av fjordfenomenet med sine særmerkte formasjonar, levande geologiske prosessar, og kontrastar frå strandline med mildt...

Les meir…

Opplev verdsarven - Nærøyfjord området

Vestnorsk fjordlandskap representert ved Geirangerfjordområdet og Nærøyfjordområdet er eit av dei beste døma i verda på fenomenet fjord, og området er eit av dei mest utprega fjordlandskapa i verda. Landskapet er rikt på kontrastar, med eit unikt samspel mellom naturlandskap og kulturlandskap. Det er stor spennvidde mellom fjord og fjell, og dette gjev eit variert bilete av fjordfenomenet med sine særmerkte formasjonar, levande geologiske prosessar, og kontrastar frå strandline med mildt...

Les meir…