Formidlingsoppgåve

Formidling er ein grunnleggande verdi i UNESCO sitt arbeid, og temaet har høg prioritet i verdsarvområda. Formidling har ein nøkkelfunksjon både i bevaringsarbeidet og med omsyn på å skape ny aktivitet som bidreg til ei positiv utvikling i området.

Det fins store mengder informasjon om verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap tilgjengeleg. Ei rekkje undersøkingar og utgreiingar innan ulike fagfelt er dokumentert skriftleg, og i tillegg er det skrive mange bøker og artiklar om området, mellom anna om folket på fjord- og hyllegardane. Her er òg flotte naturskildringar og dokumentasjon av seterkulturen. Historieforteljing og formidling er sterkt forankra i desse kjeldene.

Den beste formidlinga skjer alltid på staden der det som skal formidlast fysisk finst. Fokuset i formidlinga av verdsarven Vestnorsk fjordlandskap ligg sjølvsagt på dei natur- og kulturkvalitetane som ligg til grunn for verdsarvstatusen, og dette dannar utgangspunktet for alt formidlingsarbeid.

Vestnorsk fjordlandskap har starta ei rekkje formidlingsprosjekt etter at området vart innskriven på UNESCO si liste over verdas naturarv. Informasjonssenter er opna, brosjyrer og informasjonstavler er utvikla, og tavlene er utplasserte på strategiske informasjonspunkt. Sekretariatet har i tillegg drive eit svært aktivt formidlingsarbeid gjennom ulike oppdrag som foredrag om verdsarvområdet, faglege innlegg, informasjonsrundar til skular, organisasjonar og lokalbefolkning, men og talar med verdsarv som tema er eksempel på viktige formidlingsoppdrag.