Informasjonssenter verdsarv

I samband med den offisielle markering av verdsarvstatus for Vestnorsk fjordlandskap i juni 2006, vart samstundes informasjonssenteret for verdsarvområdet opna ved Norsk Fjordsenter i Geiranger. Dåverande miljøvernminister Helen Bjørnøy stod for opninga.

I informasjonssenteret får du oppleve det dramatiske og inntrykkssterke i landskapet, gjennom ein multivisuell presentasjon av verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap. Presentasjonen gjev deg innblikk i grunnlaget for inskripsjonen og gjev samstundes ei kort skildring av dei to geografisk skilde delområda; Geirangerfjordområdet og Nærøyfjordområdet. Presentasjonen gjev deg nærare innsikt i tema som geologi og landformer, flora og fauna, dyreliv og kulturlandskap. Av mange er desse fjordane rekna som sjølve symbolet på Noreg, det fremste fjordlandet i verda. Dette er kanskje årsaka til at det norske ordet "fjord" er del av det internasjonale språket.

Senteret byr på ei mektig "naturoppleving" gjennom ei vakker biletreise presentert i kinosalen. Presentasjonen syner Geirangerfjordområdet i fire kontrastrike årstider.

Gjennom ei vandring i den faste utstillinga ved senteret, kan du gjere ei historisk reise 100 år tilbake i tid: Du ruslar gjennom eit interaktivt landskap av fjordkulturen og gardane i Geirangerfjordområdet, og kan oppleve bygningar, sjå gamle gardsreiskap, kjenne rugginga på fjordabåten og føle «gufset» frå snøfonna som sopar nedover det stupbratte landskapet.

Senteret sit på god kunnskap om verdsarvområdet, og dei tilsette svarar gjerne på spørsmåla dine. Vi kan òg gje deg råd dersom du ynskjer dyktige og "lommekjende" guidar som kan bidra til å gje deg ei trygg og unik naturoppleving i verdsarvområdet!

Under den offisielle opninga av verdsarvområdet i 2006 laga skuleborn frå dei fem skulane Tafjord, Dalsbygda, Eidsdal, Sunnylven og Geiranger eit praktfullt kunstverk som vart avduka av H.M. Dronning Sonja 12. juni. Kunstnaren Terje Fagermo var òg involvert i utforminga av dette arbeidet. Kunstverket har ved hjelp av gåvemidlar motteke i 2006 frå Miljøvernministeren fått ei ny plassering og "innpakning". Det er no plassert utanfor inngangspartiet til Norsk Fjordsenter, og tilreisande får høve til å studere både framsida og baksida til dei kreative målarstykka. Gjennom bileta sine ynskjer borna å formidle ulike sider av verdsarvlandskapet:
• Fjorden – måla av Geiranger skule
• Elvene og fossane – måla av Sunnylven skule
• Kulturlandskapet – måla av Eidsdal skule
• Fjellet – måla av Tafjord skule
• Sæterlandskapet – måla av Dalsbygda skule
Det flotte resultatet kan opplevast i det fri kvar dag, og det har allereie blitt eit populært fotomotiv frå verdsarvområdet!

Norsk Fjordsenter byr elles på skiftande utstillingar med tema som er relevante i forhold til verdsarven og dei natur- og kulturverdiane som ligg til grunn for denne statusen.
Senteret har òg ein liten butikk og kafé, og ein legg stor vekt på det lokale og det norske – både i design og smak. Norsk Fjordsenter ynskjer òg å vere eit triveleg møteplass for alle som vil besøke oss.
I 2013 er det starta eit arbeid med å byggje på senteret, og ambisjonen er å «få sett spaden i jorda» denne hausten.