Publikasjonar

Statsparten har ansvar for å utvikle informasjonsbrosjyrar for dei sju verdsarvstadane i Noreg.

Det er Direktoratet for naturforvaltning (DN) og Riksantikvaren som saman har gjeve ut informasjonsbrosjyren Vestnorsk fjordlandskap. Brosjyren vert gjeven ut på nynorsk og i språka engelsk og tysk.

Brosjyren gjev ei god innføring i grunnlaget for at Vestnorsk fjordlandskap har kome på verdsarvlista, og i tillegg får ein nyttig informasjon om området.

Kontakt sekretæriatet for Vestnorsk fjordlandskap for å få tilsendt brosjyren i papirutgåve.

Fagbrosjyrar frå delområda
Både Nærøyfjorden Verdsarvpark og Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv har utvikla eigne brosjyrar som fortel om dei respektive delområda og det arbeidet og dei satsingane som vert gjort den einskilde stad.

Ein kan få fagbrosjyrane i papirutgåve ved å ta kontakt med Nærøyfjorden Verdsarvpark eller Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv.