Logo og identitetsutvikling

Det er utvikla ein eigen logo/identitet for verdsarvområdet Vestnorsk. Logoen er utvikla i tett samarbeid med designbyrået ElleMelle i Ålesund. Elles har representantar for begge delområda vore med, Direktoratet for naturforvaltning, Riksantikvar og fylkesmennene.

Bakgrunnen for at Vestnorsk fjordlandskap starta arbeidet med utvikling av ein eigen logo og identitet for verdsarvområdet var tredelt:
- Ønske om identitetsbygging
- Behovet for å samle 6 kommunar og tre fylke rundt ei viktig sak
- Skape ein klar adressat og identitet som avsendar

I logoprosessen la vi vekt på ord som Arv, Vern og Rik, og målet var å skape eit framtidsretta og profesjonelt uttrykk med riktig symbolikk og tyding. Den endelege logoen og identiteten til Vestnorsk fjordlandskap fekk til slutt ei rund form med klar symbolikk til:
- Naturen
- Beskyttelse og vern
- Det evigvarande
- To delområde – to geografisk skilde fjordlandskap – foreint saman i ei viktig sak (fellesskapsfølelsen)

Identiteten har ein klar relasjon til verdsarvemblemet, der sirkelen i dette emblemet omfattar alle naturobjekta på verdsarvlista, (medan firkanten i midten er symbolet for det menneskeskapte og kulturobjekta på verdsarvlista).

Sekretariatet for Vestnorsk fjordlandskap hadde den sentrale oppgåva med å koordinere utviklinga av logoen og identiteten for Vestnorsk fjordlandskap. Arbeidet tok mykje lengre tid enn venta, då arbeidsgruppa la opp til ei sterk grad av lokal forankring i utviklinga. Midlar gjennom ei geoturisme – satsing med støtte frå Innovasjon Norge gjorde arbeidet mogeleg å gjennomføre.