Skilting og informasjonstavler

Parallelt med arbeidet med utvikling av ny logo og identitet for Vestnorsk fjordlandskap vart det utarbeidd ein skiltmal for verdsarvområdet. Arbeidsgruppa har vore den same i begge prosjekta.

Malen er utvikla i nært samarbeid med Arkeoplan i Molde, og dei fyrste informasjonstavlene for verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap kom opp i 2008 og 2009.

Informasjonstavler
Det er vidare utvikla plakatmalar til skiltkonstruksjonane. Malane er utvikla for at informasjonspunkta skal kunne ha ein ryddig og profesjonell utsjånad. Det er utvikla to hovudplakatar for verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap, ein for Nærøyfjordområdet og ein for Geirangerfjordområdet. I tillegg er det utvikla temaplakat for vandring. Det er naturleg å halde fram dette arbeidet med temaplakatar for andre aktivitetar i verdsarvområdet, t.d. skiturar/toppturar, padling og kanskje sykling.

Det er òg utvikla temaplakater for informasjon om ulike objekt innafor naturarven eller kulturarven. Desse vert plassert ut i terrenget i samråd med verneområdestyret og Fylkesmannen.

Dei nyutvikla plakatmalane kan nyttast av samarbeidspartnarar av verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap. Kontakt sekretariatet for nærare informasjon og tilsending av materiale.

Turstiskilting
Det har vore gjort eit stort arbeid for å få skilta dei mest nytta turstiane (råsene) i verdsarvområdet. Eigen skiltmal er utvikla med bakgrunn i arbeidet til Innovativ Fjellturisme, og det er etablert eit graderingssystem der fotturane er vurderte ut frå vanskegrad. Dette gjenspeglar seg i fargekodar og talgradering.

Fargekodane går frå grøn (nybyrjar) via blå og raud til svart (godt erfarne turgåarar). Innafor systemet vert turane òg klassifiserte etter høgdeskilnader, kor vidt der er tydeleg rås, og kor krevjande terrenget er.

Merkinga ute i terreng er dels gjort med skilting (Trepiler med stadnamn og gradering) og dels med måling i terrenget (raud V (for verdsarv) i Geirangerfjordområdet og raud prikk i Nærøyfjordområdet).

Link til skiltmalen for Vestnorsk fjordlandskap finn du her: .....