Foredrag om Vestnorsk fjordlandskap

Den vanlegaste måten å drive formidling om verdsarven på, har vore gjennom foredrag og historieforteljing.

Sekretariatet har sidan oppstarten drive eit svært aktivt formidlingsarbeid gjennom ulike oppdrag som foredrag om verdsarvområdet, faglege innlegg, informasjonsrundar til skular, organisasjonar og lokalbefolkning. Likeeins er talar med verdsarv som tema er eksempel på viktige formidlingsoppdrag.

Noko av det flottaste er å kombinere faglege innlegg med opphald ute i sjølve verdsarvnaturen, men det kan òg vere ei særeigen oppleving å få fagstoff presentert innadør i eit særprega og stadeige lokale i området/verdsarvbygdene. –Og sjølvsagt byr vi gjerne på eit foredrag på formidlingssenteret vårt, Norsk Fjordsenter i Geiranger.

Sekretæriatet kan òg ta på seg eksterne oppdrag, eller vi kan formidle kontakter til andre lokale ressurspersonar som kan nyttast til slike oppdrag. Ta gjerne nærare kontakt med oss.