Opplev verdsarven - Geirangerfjord området

Vestnorsk fjordlandskap representert ved Geirangerfjordområdet og Nærøyfjordområdet er eit av dei beste døma i verda på fenomenet fjord, og området er eit av dei mest utprega fjordlandskapa i verda. Landskapet er rikt på kontrastar, med eit unikt samspel mellom naturlandskap og kulturlandskap. Det er stor spennvidde mellom fjord og fjell, og dette gjev eit variert bilete av fjordfenomenet med sine særmerkte formasjonar, levande geologiske prosessar, og kontrastar frå strandline med mildt klima, til høgfjell med brear og evige fonner.

Den beste formidlinga skjer der det du skal formidle faktisk er, og vi oppmodar deg til å besøke verdsarven vår.