Forvaltning

I verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap er det eit overordna mål å sikre både natur- og kulturverdiane. Området inneheld også busettingsområde, og det er viktig at forvaltinga gjev gode vilkår for framhald av busetting og næringsverksemd, utan at dette svekker verneverdiane. Verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap vert forvalta av fleire instansar.

Som felles omgrep på planområdet som verdsarvområdet representerer, vert nytta Geirangerfjordområdet og Nærøyfjordområdet. Nemninga verneområde...

Les meir…

Forvaltningsplan

Det er utarbeidd to forvaltingsplanar for Vestnorsk fjordlandskap, for Geirangerfjordområdet (del nord) og Nærøyfjordområdet (del sør). Linken til desse planane finn du under.

Forvaltingsplanane skal danne grunnlag for ei positiv utvikling i verdsarvområdet som sikrar natur- og kulturlandskapsverdiane. Ein forvaltingsplan for eit verneområde skal fremje føremålet med vernet. Forvaltingsplanen skal gje nærare retningsliner for praktisering av verneforskriftene. Planen skal vere ein overordna...

Les meir…

Forvaltningsstyresmakt og tilsyn

Når det gjeld ansvaret for å forvalte dei ulike verneområda generelt, er ansvaret ofte delt mellom sentrale og lokale styresmakter. Frå 2010 har kommunar med areal i nasjonalparkar og større landskapsvernområde fått tilbod om å overta forvaltningsansvaret. Dei overtek òg forvaltningsansvaret for naturreservat som ligg totalt omkransa av nasjonalparkar/ landskapsvernområde.

Forvaltingsstyresmaktene skal først og fremst handheve vernereglane og utarbeide forvaltings- og skjøtselsplanar. Dei...

Les meir…

Verneområde

Landskapsvernområde
Landskapsvernområde er den svakaste forma for områdevern etter naturvernlova. Heimelen for å opprette landskapsvernområde er naturvernlova § 5.
Innafor verdsarven Vestnorsk Fjordlandskap finn vi tre landskapsvernområde:

Geiranger-Herdalen landskapsvernområde vart oppretta 08.10.2004, og føremålet med vernet er
- å ta vare på eit særprega og vakkert fjord- og fjellandskap med eit rikt og variert plante- og dyreliv
- å ta vare på viktige fjordlandskap der fjordgardar...

Les meir…

Verna vassdrag i verdsarvområdet

Vassdraga er viktige landskapselement i verdsarvområdet. Langs verdsarvfjordane finn vi mange småvassdrag som ut frå den store høgdeforskjellen dannar spektakulære fossar og vassfall. Vatn og vassdrag har til alle tider vore ein viktig lokaliseringsfaktor for busetting og ferdsel i verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap.

Dei kvartærgeologiske prosessane knytt til urørde elver er ein sentral del av grunnlaget for søknaden om verdsarvstatus. Etter at isen forsvann, er det i...

Les meir…

Kommunedelplan område

Verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap inneheld òg område som ikkje er verna etter naturvernlova, men som er regulert gjennom forvaltnings- og kommunedelplanar. Området dekkjer i hovudsak busettingsområde samt eit sjøareal innan verdsarvområdet.

Busettingsområde som ligg innanfor verdsarvgrensene skal forvaltast på ein slik måte at natur- og kulturminneverdiar ikkje vert forringa. Det er svært viktig å sikre heilskapen i landskapsbiletet på tvers av vernegrensene. Arealforvaltninga vil i...

Les meir…

Kulturlandskap og jordbruk

Verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap omfattar rikhaldige og varierte kulturlandskap. Dette kulturlandskapet har i stor grad blitt forma av landbruket, både historisk sett og gjennom aktiviteten i vår tid, og mange av opplevingskvalitetane er òg knytt til kulturlandskapet.

Vestnorsk fjordlandskap har ein særs dramatisk og storslått natur. Likevel er det først og fremst vekslinga mellom natur- og kulturlandskapet, opplevinga av samspelet mellom menneske og natur i tid og rom, som gjev...

Les meir…

Kulturminne og kulturmiljø

Verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap er særs rikt på kulturminne og intakte historiske kulturmiljø. Den kulturhistoriske djupna, eller kontinuiteten, er teken vare på gjennom kunnskap om driftsmåtar som framleis vert haldne i hevd i lokalsamfunnet.

Felles for kulturminna er at dei er med på å synleggjere tilgangen på og bruken av stadeigne ressursar i området. Tidsdimensjonen og samanhengen i landskapet er særs viktig å ivareta gjennom heilskaplege kulturmiljø. I tillegg til dei...

Les meir…