Kva er verdsarv?

World Heritage List, eller Verdsarvlista, vart etablert i 1972 av UNESCO (FN sin organisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon). Lista har som mål å verne om verda sin kultur- og naturarv.

Av alle internasjonale miljøvernkonvensjonar er Verdsarvkonvensjonen den som har størst utbreiing i verda. World Heritage List (WHL) eller Verdsarvlista er ei oversikt over verdsarvobjekt (kultur- og naturområde) i medlemslanda. Lista blir supplert kvart år etter som nye område vert påvist...

Les meir…

UNESCO

UNESCO er FN sin organisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon (United Nations Educational, Scientific and Cultural Organization).

UNESCO sitt mål er å bidra til fred og tryggleik gjennom internasjonalt samarbeid på desse områda. Organisasjonen blei oppretta i 1945, og Noreg vart medlem i 1946.

Utdanning for alle
Utdanning for alle (Education for all, EFA) er hovudsatsinga til UNESCO. På eit toppmøte i 2000 vedtok 164 land, mellom anna Noreg, seks utdanningsmål som ein...

Les meir…

UNESCO – konvensjonen

Konvensjonen for vern av verdas kultur- og naturarv blei vedteken i 1972, etter at kulturminne og naturområde i aukande grad hadde vorte utsette for press i form av krig, naturkatastrofar, forureining, turisme, eller berre ganske enkelt forfall.

Konvensjonen oppmodar alle land til å fremje vern av kultur- og naturarv av lokal eller nasjonal betydning. Konvensjonen sitt fremste mål er å identifisere kultur- og naturarv av universell verdi. Behovet for eit felles løft, både menneskeleg og...

Les meir…

Avgjerdsprosessen

Verdsarvkomiteen (21 statspartar) avgjer på det årlege komitemøtet kva for nye område eller objekt som skal føyes til verdsarvlista. Dette vert gjort på grunnlag av nominasjonane frå partslanda. 



Dersom dei nye nominasjonane oppfyller dei tekniske krava til innehald, vert dei overførte til Verdas naturvernunion IUCN og Det internasjonale råd for kulturminne (ICOMOS) som tek den faglege evalueringa. Desse rådgjevande organa skriv ei fagleg tilrådning til verdsarvkomiteen som deretter...

Les meir…

Statsparten

Når ein nasjon har skrive under FN sinkonvensjon for verdsarven, inneber det at statsparten òg har forplikta seg til å arbeide for å identifisere, dokumentere og nominere potensiell verdsarv til innskriving på Verdsarvlista. Det er den einskilde statspart som avgjer om eit område/objekt skal søkast innskrive på lista, men det er Verdsarvkomiteen som avgjer om området/objektet oppfyller kriteria til framståande universell verdi, sikring og forvalting.


Grunnprinsippet i...

Les meir…

Norsk oppføring

Miljøverndepartementet (MD) er øvste ansvarlege koordinerande mynde for norsk oppfølging. MD si avdeling for kulturminneforvalting ivaretek rolla som nasjonalt kontaktpunkt for konvensjonen.

Fagdirektorata ved Riksantikvaren (RA) og Direktoratet for naturforvaltning (DN) har ansvar for faglig oppfølging av konvensjonen på kvar sine felt: RA for kulturarven og DN for naturarven.

På den einskilde norske verdsarvstad er det etablert samarbeidssamarbeidsorgan, råd eller stiftingar. Desse bidreg...

Les meir…

Lokale stiftingar

Ivaretaking av verdsarvarbeidet skjer òg gjennom lokale stiftingar.
Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv er ei ideell stifting oppretta av kommunane Norddal og Stranda saman med Møre og Romsdal fylkeskommune. Stiftinga er lokalisert på Norsk Fjordsenter i Geiranger, og sentrale arbeidsområde er:
Sentrale arbeidsområde:
• Formidling av naturarven Vestnorsk Fjordlandskap
• Samarbeid for ei berekraftig og grøn utvikling
• Bevaring, m.a. gjennom restaurering av kulturminne
• Kompetansebygging...

Les meir…

Relaterte sider

For meir informasjon om verdas kultur- og naturarv: 

UNESCO sine internettsider: whc.unesco.org 

Riksantikvaren sine internettsider: www.ra.no 

Den norske UNESCO-kommisjonen: www.unesco.no 

Nordic World Heritage Foundation: www.nwhf.no