Grånosmyrane nautrreservat

Areal: 3,35 km2
Oppretta 15. desember 1995

Føremålet er å frede eit fjell- og våtmarksområde med hekkefunksjon for eit rikt og sårbart fugleliv.

Nordheimsdalen naturreservat

Areal: 13,3 km2
Oppretta: 17. desember 1999

Formålet med fredinga er å sikre eit skogområde med alt av naturlege plante- og dyreliv. Av spesielle kvalitetar kan  nemnast at området utgjer eit intakt nedbørsfelt med ein skoggradient frå fjøre til fjell, og som har eit uvanleg stort mangfald av ulike furuskogtypar som høyrer heime i dei indre fjordstroka, til dels med eit urskogpreg som truleg er det sterkaste ein finn på Vestlandet.

Bleia nautrreservat

Areal: 21,8 km2
Oppretta: 8. oktober 2004


Føremålet med fredinga er å sikre ein lokalitet med urvalmue (Papaver radicatum ssp. relictum) av særleg vitskapleg verdi og eit særmerkt fjordlandskap sin kvartærgeologi med uvanleg storskala ravinar og fjellryggar, og med eit botanisk og urskogprega verdfullt område frå fjord til høgfjell.

Hyskjet naturreservat

Areal: ca 525 dekar
Oppretta: 27. juni 2003

Formålet med fredinga er å ta vare på ei av dei best utvikla edllauvskogane i fjordstroka på Sunnmøre med det naturlege plante- og dyrelivet.

Kallskaret naturreservat

Areal: ca 900 dekar
Oppretta: 16. oktober 1984

Føremålet med fredinga er å ta vare på eit område med førekomster av eklogitt i veksling med andre bergartar, der bergartvekslingane har vore avgjerande for utforminga av eit vakkert og særprega landskap.