Forvaltning

I verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap er det eit overordna mål å sikre både natur- og kulturverdiane. Området inneheld også busettingsområde, og det er viktig at forvaltinga gjev gode vilkår for framhald av busetting og næringsverksemd, utan at dette svekker verneverdiane. Verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap vert forvalta av fleire instansar.

Som felles omgrep på planområdet som verdsarvområdet representerer, vert nytta Geirangerfjordområdet og Nærøyfjordområdet. Nemninga verneområde omfattar 5 naturreservat og 3 landskapsvernområdet i Vestnorsk fjordlandskap, og områda er regulert gjennom Naturvernlova.