Forvaltningsplan

Det er utarbeidd to forvaltingsplanar for Vestnorsk fjordlandskap, for Geirangerfjordområdet (del nord) og Nærøyfjordområdet (del sør). Linken til desse planane finn du under.

Forvaltingsplanane skal danne grunnlag for ei positiv utvikling i verdsarvområdet som sikrar natur- og kulturlandskapsverdiane. Ein forvaltingsplan for eit verneområde skal fremje føremålet med vernet. Forvaltingsplanen skal gje nærare retningsliner for praktisering av verneforskriftene. Planen skal vere ein overordna styringsreiskap til bruk for forvaltingsstyresmaktene for å sikre at nasjonale, politiske føringar for naturvernet i Noreg vert fylgt opp i praksis. Innan denne ramma skal dei tradisjonelle aktivitetane takast vare på og utviklast vidare. Grunnlaget for ei positiv utvikling i lokalsamfunnet basert på berekraftig bruk skal leggjast til grunn i forvaltinga.

Forvaltingsplanane skal gje oversikt over viktige problemstillingar som vedkjem tilhøvet mellom vern og bruk og skissere tiltak som kan gjennomførast for å fremje ei balansert forvalting innanfor dei rammene som verneføremålet set. Forvaltningsplanane skal vidare kunne tilrå utarbeiding av meir detaljerte skjøtselplanar og ymse utviklings- og tilretteleggingstiltak.

Linkar til dei utarbeidde forvaltingsplanane:

Geirangerfjordområdet

Nærøyfjordområdet