Verneområde

Landskapsvernområde
Landskapsvernområde er den svakaste forma for områdevern etter naturvernlova. Heimelen for å opprette landskapsvernområde er naturvernlova § 5.
Innafor verdsarven Vestnorsk Fjordlandskap finn vi tre landskapsvernområde:

Geiranger-Herdalen landskapsvernområde vart oppretta 08.10.2004, og føremålet med vernet er
- å ta vare på eit særprega og vakkert fjord- og fjellandskap med eit rikt og variert plante- og dyreliv
- å ta vare på viktige fjordlandskap der fjordgardar, setermiljø og kultutminne utgjer ein vesentleg del av landskapet sin eigenart.
- å ta vare på geologoske førekomstar og landskapsformer
Området utgjer hovudtyngda av delområde nord i verdsarvområdet.

Verneforeskrifter for Geiranger- Herdalen landskapsvernområde finn du her.

Nærøyfjorden landskapsvernområde vart oppretta 08.11.2002. Føremålet med landskapsvernområdet er å ta vare på eit vakkert, eigenarta og storfelt natur- og kulturlandskap frå fjord til fjell, og med eit mangfaldig plante- og dyreliv.

Verneforeskrifter for Nærøyfjorden landskapsvernområde finn du her.

Bleia-Storebotn landskapsvernområde vart oppretta 08.10.2004. For Bleia-Storebotnen landskapsvernområde ligg dei største verdiane i det eigenarta natur- og kulturlandskapet med sin kvartærgeologi, botanikk (også urskog) og fauna med villrein. Fjellet har talrike kulturminne i samband med jakt, fangst og fangstanlegg, og stølsdrift.

Verneforeskrifter for Bleia- Storebotn landskapsvernområdet finn du her.

Naturreservat
Naturreservat er strengaste form for vern etter naturvernlova. Innafor verdsarven Vestnorsk Fjordlandskap er det fem naturreservat. Reservata dekkjer som oftast mindre areal og det overordna målet er i følgje Naturvernlova § 8 "...å verne område som har urørt, eller tilnærma urørt natur eller utgjør ein spesiell naturtype og som har særskild vitenskapelig eller pedagogisk verdi". Vestnorsk fjordlandskap har fem naturreservat, to i Geirangerfjordområdet og tre i Nærøyfjordområdet, i tillegg til ei freding av eit lindetre i Bleiklindi i Nærøyfjordområdet.

Naturreservat i Geirangerfjordområdet

Kallskaret naturreservat: Areal ca 900 dekar, oppretta 16. oktober 1984. Les meir..
Hyskjet naturreservat: Areal ca 525 dekar, oppretta 27. juni 2003. Les meir..

Naturreservat i Nærøyfjordområdet

Bleia naturreservat: Areal 21,8 km2, oppretta 8. oktober 2004. Les meir..
Nordheimsdalen naturreservat: Areal 13,3 km2, oppretta 17. desember 1999. Les meir..
Grånosmyrane naturreservat: Areal 3,35 km2, oppretta 15. desember 1995. Les meir..
Bleiklindi (Hatle-Styve): Eit lindetre, freda 26. mai 1933.