Verna vassdrag i verdsarvområdet

Vassdraga er viktige landskapselement i verdsarvområdet. Langs verdsarvfjordane finn vi mange småvassdrag som ut frå den store høgdeforskjellen dannar spektakulære fossar og vassfall. Vatn og vassdrag har til alle tider vore ein viktig lokaliseringsfaktor for busetting og ferdsel i verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap.

Dei kvartærgeologiske prosessane knytt til urørde elver er ein sentral del av grunnlaget for søknaden om verdsarvstatus. Etter at isen forsvann, er det i kvartærgeologisk samanheng mykje det frie vatnet i elvar, fossar og bekkar som formar landskapet. At det i området framleis finst heile dreneringssystem utan inngrep, der erosjons- og landformingsprosessane går naturleg, er unikt. I forskriftene for landskapsvernområda vil tiltak som vesentleg kan endre landskapets art eller karakter vere forbode. Vasskraftutbygging i eit landskapsvernområde vil difor vere underlagt ei streng vurdering av omsyn til ålmenne interesser knytt til vernet. I naturreservat er nye inngrep forbodne og vil vere underlagt ei svært streng vurdering.

I Geirangerfjordområdet har ein tre vassdrag som er varig verna mot kraftutbygging. Det er Norddalsvassdraget og Geirangerelva oppstraums Storfossen, samt delar av Bygdeelva ned til Frøysa på Hellesylt.

I Nærøyfjordområdet har ein seks vassdrag som er varig verna mot kraftutbygging. Det er Vossovassdraget, Flåmsvassdraget, Undredalselvi, Dyrdalselvi, Nisedalselvi og Kolarelvi. Regjeringa har kome med framlegg om at Nærøydalselvi vert varig verna mot kraftutbygging. Det er utarbeidd forvaltningsplan for Flåmsvassdraget, vedteken som kommunedelplan (Aurland kommune 2000).