Kommunedelplan område

Verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap inneheld òg område som ikkje er verna etter naturvernlova, men som er regulert gjennom forvaltnings- og kommunedelplanar. Området dekkjer i hovudsak busettingsområde samt eit sjøareal innan verdsarvområdet.

Busettingsområde som ligg innanfor verdsarvgrensene skal forvaltast på ein slik måte at natur- og kulturminneverdiar ikkje vert forringa. Det er svært viktig å sikre heilskapen i landskapsbiletet på tvers av vernegrensene. Arealforvaltninga vil i busettingsområde i hovudsak skje etter plan- og bygningslova.

I Geirangerfjordområdet har ein både eit busettingsområde i Stranda kommune og eit sjøareal i Tafjorden (3,7 km²) i Norddal kommune. Busettingsområdet omfattar kommunedelplan Geiranger (8,5 km²).

Dei fleste busettingsområda i Nærøyfjordområdet ligg i Aurland kommune (Nærøydalen og Gudvangen, Undredal, Bakka, Dyrdal og Breisnes). Unntaket er gardane Stalheimsøyni og Sivlesøyni som ligg i Voss kommune.