Kulturlandskap og jordbruk

Verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap omfattar rikhaldige og varierte kulturlandskap. Dette kulturlandskapet har i stor grad blitt forma av landbruket, både historisk sett og gjennom aktiviteten i vår tid, og mange av opplevingskvalitetane er òg knytt til kulturlandskapet.

Vestnorsk fjordlandskap har ein særs dramatisk og storslått natur. Likevel er det først og fremst vekslinga mellom natur- og kulturlandskapet, opplevinga av samspelet mellom menneske og natur i tid og rom, som gjev landskapet sitt særpreg og gjer det så opplevingsrikt og attraktivt.

Det rike og varierte dyre- og plantelivet i området har viktige leveområde i slåtteteigar, beitelandskap og stølsområde. Dei fleste av desse lokalitetane er no i endring – der attgroing er området sin største trugsel for bevaring av viktige natur- og kulturverdiar i verdsarvområdet.

Kulturlandskapet har gjennom verdsarvstatusen fått svært høg samfunnsmessig verdi som nasjonalt symbol og fyrtårn i internasjonal marknadsføring av Noreg som reisemål. Samstundes opplever grunneigarane og bøndene som eig kulturlandskapet i verdsarvområdet at den privatøkonomiske verdien av kulturlandskapet har blitt stadig mindre. Landbruket og husdyrhaldet er difor i sterk tilbakegang, og sentrale kulturlandskapsareal er i ferd med å gro heilt att. Verkemidlane vi rår over innan landbruk, reiseliv, miljø og kultur er ikkje tilstrekkelege til å halde kulturlandskapet i hevd. For bøndene i dag er det ikkje driftsøkonomi i å oppretthalde små og tungdrivne areal når kravet til effektivitet stadig aukar. Men når ein fokuserer på opplevingsverdi og ivaretaking av biologisk mangfald, er det nettopp mange av desse tungdrivne teigane som har størst verdi.

Dette var utgangspunktet for at Vestnorsk fjordlandskap gjennom arbeidet i Verdsarvrådet tok fatt i problemstillinga og fekk utarbeidd ein tiltaksplan for kulturlandskapet i verdsarvområdet.

Tiltaksplanen har som overordna mål å ta vare på og vidareutvikle dei unike kulturlandskapsverdiane i verdsarvområdet. Skal ein lukkast med dette, er det avgjerande at bøndene som skjøttar kulturlandskapet i området får ein økonomi i arbeidet som gjer det interessant å halde fram gardsdrift med husdyrhald.

På bestillingsoppdrag frå fire departement er det utarbeidd eigen tiltaksplan, og frå 2008 har det vore løyvd midlar over statsbudsjettet til tiltak for å ta vare på kulturlandskapet i Vestnorsk fjordlandskap. Dette dreiar seg m.a. om beite- og arealtilskot, for verdsarven Vestnorsk fjordlandskap ynskjer eit levande kulturlandskap med aktive bønder, og dyr på beite.