Forvaltningsstyresmakt og tilsyn

Når det gjeld ansvaret for å forvalte dei ulike verneområda generelt, er ansvaret ofte delt mellom sentrale og lokale styresmakter. Frå 2010 har kommunar med areal i nasjonalparkar og større landskapsvernområde fått tilbod om å overta forvaltningsansvaret. Dei overtek òg forvaltningsansvaret for naturreservat som ligg totalt omkransa av nasjonalparkar/ landskapsvernområde.

Forvaltingsstyresmaktene skal først og fremst handheve vernereglane og utarbeide forvaltings- og skjøtselsplanar. Dei har også ansvar for informasjon og merking i verneområda, og dei kan ha ansver for vedlikehald av stiar og bruer. Dette gjer dei ofte i samarbeid med Statens naturoppsyn.