Kva er verdsarv?

World Heritage List, eller Verdsarvlista, vart etablert i 1972 av UNESCO (FN sin organisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon). Lista har som mål å verne om verda sin kultur- og naturarv.

Av alle internasjonale miljøvernkonvensjonar er Verdsarvkonvensjonen den som har størst utbreiing i verda. World Heritage List (WHL) eller Verdsarvlista er ei oversikt over verdsarvobjekt (kultur- og naturområde) i medlemslanda. Lista blir supplert kvart år etter som nye område vert påvist og nominert. Det er no (september 2012) 190 statspartar som har ratifisert verdsarvkonvensjonen, og totalt 960 objekt har kome på verdsarvlista: 745 kulturobjekt, 188 naturobjekt og 29 med grunnlag i ein kombinasjon av natur- og kulturarv. 157 statspartar har objekt på verdsarvlista.

På lista finn ein verdskjende område som Grand Canyon, Galapagos øyane og Yellowstone nasjonalpark.

Noreg fekk sine første to nominasjonar ført opp på UNESCO si Verdsarvliste allereie i 1979: Bryggen i Bergen og Urnes Stavkyrkje.
Seinare kom desse norske objekta på verdsarvlista:
• Bergstaden Røros (1980)
• Bergkunsten i Alta (1985)
• Vegaøyane (2004)
• Struves meridianboge (2005)
• Vestnorsk Fjordlandskap (2005)

Med unntak av sistnemnde, er alle desse kulturobjekt. Vestnorsk Fjordlandskap vart innskrive på lista 14.07.2005 under det 29. komitémøtet i Durban i Sør-Afrika, og vart det fyrste verdsarvobjektet i Noreg med grunnlag i naturarven.

Status som verdssarv er det høgaste internasjonale kvalitetsstempel eit område kan få. Men dette inneber òg eit ansvar for å sikre verdsarvstadane for ettertida. Verdsarven er òg ei merkevare av stor verdi for reiselivet.