UNESCO

UNESCO er FN sin organisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon (United Nations Educational, Scientific and Cultural Organization).

UNESCO sitt mål er å bidra til fred og tryggleik gjennom internasjonalt samarbeid på desse områda. Organisasjonen blei oppretta i 1945, og Noreg vart medlem i 1946.

Utdanning for alle
Utdanning for alle (Education for all, EFA) er hovudsatsinga til UNESCO. På eit toppmøte i 2000 vedtok 164 land, mellom anna Noreg, seks utdanningsmål som ein skulle nå innan 2015. Både offentlege, frivillige og private aktørar arbeider saman for å nå måla, og UNESCO har ansvaret for å kordinere innsatsen.  Les meir om EFA her.

Ytringstridom og tryggleik for journaslistar

UNESCO har eit unikt mandat til å forsvare ytrings- og pressefrileiken. Ei av dei viktigaste oppgåvene for organisasjonen er å styrke sikkerheita for journalistar. I dei siste ti åra har meir enn 500 journalistar blitt drepne på jobb. Langt fleire vert utsette for trugsmål, vald og ulovlege arrestasjonar. UNESCO har m.a. oppretta ei nettside som fordømmer journalistdrap.

Hav og klima
Havet påverkar miljøet og den berekraftige utviklinga. Det er difor viktig å forstå og kunne føreseie korleis hav, atmosfære, biosfære og landjorda påverkar kvarandre. Her har UNESCOs Intergovernmental Oceanographic Commission (IOC) ei nøkkelrolle. IOC koordinerer internasjonal havforsking, og hjelper statar med å løyse hav- og kystvanskar. No har organisasjonen òg fått i oppdrag å etablere tsunami-varslingssystem som samla dekker alle verdshava.

UNESCO sine internettsider: www.unesco.org