UNESCO – konvensjonen

Konvensjonen for vern av verdas kultur- og naturarv blei vedteken i 1972, etter at kulturminne og naturområde i aukande grad hadde vorte utsette for press i form av krig, naturkatastrofar, forureining, turisme, eller berre ganske enkelt forfall.

Konvensjonen oppmodar alle land til å fremje vern av kultur- og naturarv av lokal eller nasjonal betydning. Konvensjonen sitt fremste mål er å identifisere kultur- og naturarv av universell verdi. Behovet for eit felles løft, både menneskeleg og økonomisk, vart synleg gjennom den internasjonale redningsaksjonen av kulturminne i Egypt og Nubia då Aswan-dammen skulle byggjast tidleg på sekstitalet. Seksti land deltok, mellom desse Noreg.

Natur- og kulturarven kan vere eit naturområde, eit kulturlandskap, eit bygningsmiljø eller eit natur- eller kulturmonument. Den kan vere eit byggverk som representerer eit viktig historisk utviklingssteg, eller eit naturfenomen av eksepsjonell estetisk eller vitskapleg betyding. Oversikta over verdas kultur- og naturarv vert kalla verdsarvlista.
Konvensjonen sitt sekretæriat (UNESCO World Heritage Centre) held til i Paris.