Statsparten

Når ein nasjon har skrive under FN sinkonvensjon for verdsarven, inneber det at statsparten òg har forplikta seg til å arbeide for å identifisere, dokumentere og nominere potensiell verdsarv til innskriving på Verdsarvlista. Det er den einskilde statspart som avgjer om eit område/objekt skal søkast innskrive på lista, men det er Verdsarvkomiteen som avgjer om området/objektet oppfyller kriteria til framståande universell verdi, sikring og forvalting.

Grunnprinsippet i verdensarvkonvensjonen er at partslanda sjølve er forplikta til å gjere sitt ytterste for å ta vare på sin del av verdsarven. I neste omgang fastset konvensjonen at det internasjonale samfunnet som heilskap har plikt til å samarbeide for å sikre bevaring av ein arv som alle har del i. Stadar som er med på lista kan under visse omstende få midlar fra Verdensarvfondet.
Verdsarvstatusen inneber ikkje ei ny form for vern. Sikring og forvalting skal forhalde seg til nasjonalt lovverk og løysast innafor rammene av eigne ressursar.
Kvart sjette år skal det rapporterast inn til UNESCO om statusen til den einskilde verdsarvstad. Gjennomgangen slår fast om det er behov for å justere forvaltinga. Dersom utviklinga har vore uheldig, kan Verdsarvkomiteen føre opp området på lista over «verdsarv i fare». Dersom verdiane har forsvunne, vil området bli fjerna frå verdsarvlista.