Avgjerdsprosessen

Verdsarvkomiteen (21 statspartar) avgjer på det årlege komitemøtet kva for nye område eller objekt som skal føyes til verdsarvlista. Dette vert gjort på grunnlag av nominasjonane frå partslanda. 



Dersom dei nye nominasjonane oppfyller dei tekniske krava til innehald, vert dei overførte til Verdas naturvernunion IUCN og Det internasjonale råd for kulturminne (ICOMOS) som tek den faglege evalueringa. Desse rådgjevande organa skriv ei fagleg tilrådning til verdsarvkomiteen som deretter ter den endelege avgjerda. Evalueringsprosessen tek eitt og eit halvt år og innebêr feltbesøk samt drøftingar i internasjonale vitskapspanel som er sette saman for å dekkje sentrale tama i søknaden.

Du kan lese meir om krava til eit verdsarvområde her.