Lokale stiftingar

Ivaretaking av verdsarvarbeidet skjer òg gjennom lokale stiftingar.
Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv er ei ideell stifting oppretta av kommunane Norddal og Stranda saman med Møre og Romsdal fylkeskommune. Stiftinga er lokalisert på Norsk Fjordsenter i Geiranger, og sentrale arbeidsområde er:
Sentrale arbeidsområde:
• Formidling av naturarven Vestnorsk Fjordlandskap
• Samarbeid for ei berekraftig og grøn utvikling
• Bevaring, m.a. gjennom restaurering av kulturminne
• Kompetansebygging kring verdsarvverdiane
• Vere ein arena for vitskapleg forsking på området

For meir informasjon om Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv klikk her.

Nærøyfjorden Verdsarvpark er ei stifting oppretta av kommunane Aurland, Vik, Lærdal og Voss, saman med Sogn og Fjordane fylkeskommune. Partnarane er innbyggjarar med engasjement for området som dei bur og lever i. Partnarskapsavtalen vert inngått mellom parken og einskildpersonar, verksemder, eller lag og organisasjonar. Gjennom avtalen vert parnarane med i eit nettverk, og dei bidreg med initiativ og det dei er gode på. Slik får partnarane styrka sine eigne satsingar samstundes som dei saman tek vare på og utviklar det unike området.

For meir informasjon om Nærøyfjorden Verdsarvpark klikk her.

Dei to lokale stiftingane er knytte saman både gjennom det overbyggjande verdsarvrådet, og gjennom samarbeid på ein del aktuelle fagområde.
Verdsarvrådet er sett saman av representantar frå kommunane, fylkeskommunane, Fylkesmennene, Direktoratet for naturforvalting og Riksantikvaren. Dei har møte to gongar årleg og tek opp saker som vedkjem verdsarvområdet Vestnorsk Fjordlandskap.