Områdeskildring

Fjordar er mellom dei mest dramatiske og spektakulære landskapa på kloden.
Verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap femnar om delar av dei lengste, djupaste, smalaste og vakraste fjordane i verda. Dette er område med eit natur- og kulturinnhald som har trollbunde besøkande til alle tider. Mange reknar desse fjordane som sjølve symbolet på Noreg, det fremste fjordlandet i verda. Så er også det norske ordet "fjord" del av det internasjonale språket.

Verdsarvområdet er sett saman av to delområde; Geirangerfjordområdet og Nærøyfjordområdet.

Innafor naturvitskapen vert dei to fjordområda rekna som klassiske døme på denne typen landskap. Med store høgdeskilnader og kort veg mellom sjø og høgfjell er naturmangfaldet stort. Begge delområda er utan større tekniske inngrep. Dei naturlege geologiske prosessane knytt til danning og utvikling av fjordar er ikkje påverka av menneskeverk. Samla har områda kvalitetar som gjer at dei er førte opp på UNESCO-lista over verdas kultur- og naturarv etter å ha oppfylt to av dei naturfaglege kriteria i konvensjonen.