Geologi og landform

Vestnorsk fjordlandskap ligg i dei inste delane av to fjordsystem som strekker seg heilt inn i dei sentrale fjellmassiva som skil Aust- og Vest-Noreg.

I tærtiærtida, for 2,5-55 millionar år sida, lyfta landet seg og danna eit høgt fjellmassiv parallelt med dagens kyst. I tida fram til iskappa la seg over landet, for 2,5 millionar år sidan, gravde elver ut djupe v-dalar langs svake sonar i berggrunnen. Under dei mange istidene som fylgde i kvartærtida forma ismassane på veg mot havet v-dalane om til store u-dalar med særs høge og bratte fjellsider. Områda er unge og aktive landskap der naturkreftene framleis arbeider med å forme terrenget. Skredbanar i dalsidene og store rasmassar på fjordbotnen vitnar om dette. Områda vert sett på som særs viktige "naturhistoriske laboratorium" av di dei kan gje auka kunnskap om danning av landskap og om effektar av klimaendringar.

Geologien og sjølve fjordlandskapet er grunnleggande for verdsarvstatusen.