Planter og dyr

Vestnorsk fjordlandskap byr på eit rikt og variert plante- og dyreliv.

Dei korte avstandane mellom fjord og høgfjell, i tillegg til stadvis særs gunstige lokalklimatiske tilhøve, gjer at fjellblomar kan vekse side om side med artar ein helst knyter til sørlegare breiddegradar. Mangfaldet av planteartar er stort og variert i det brattlendte fjordlandskapet. På gamal kulturmark er det over tid utvikla sjeldne artar som krev beite og slått for å leve.

Verdsarvområdet har eit variert dyreliv med både pattedyr, fuglar, fiskar og insekt. Fleire står på "raudlista", medan andre er artar som Noreg har eit spesielt ansvar for. Villrein, fjellrev, gaupe, oter, lemen, kvitryggspett og nise er døme på slike artar. Fuglelivet femnar alt frå sjø- og vadefuglar kring fjordane til skogsfugl i dalsidene og til sist artar som er typiske for norske høgfjellsområde. I alt hekkar eit hundretal artar innafor verdsarvområdet.