Kulturhistorie

Spor i landskapet syner at fjordområda har vore nytta av menneske heilt sidan isen trekte seg attende for 10.000 år sidan.

Fangstgraver og bogesteller i høgfjellet syner at villreinen har vore viktig for fjordfolket alt i steinalderen. Langs etter fjordane og oppe på berghyllene finn ein fleire små fjordgardar, dei fleste fråflytta. Sjølv om dei som busette seg der prøvde å plassere husa slik at dei låg tryggast mogleg til for snø- og steinskred, var dette likevel ein fare som mange måtte leve med. Busetjinga syner eit nøysamt jordbruk tilpassa ein farefull, men samstundes rik natur.
I fleire av fjelldalane og skogsliene finn ein gamle sætrar. I dag er svært få av desse i drift, men framleis er det gode beite på stølane.

Fleire av fjordgardane og sæterhusa er i nyare tid restaurerte. Mange av ferdselsvegane og stiane dit er rydda og merka, så det er mogleg å vitje dei og oppleve litt av kulturhistoria. Merk at nokre har dels krevjande tilkomst. Dei fleste fjordgardane og sætrane er i privat eige, og det er viktig å ta omsyn når ein vitjar dei.
Den kulturelle dimensjonen ved stølane og dei gamle fjordgardane utfyller og aukar den samla verdien av verdsarvområdet.