Vakkert landskap

Geirangerfjordområdet og Nærøyfjordområdet er to fjordområde som har ry på seg for å vere av dei vakraste naturområda i Europa.

Dei siste 150 åra har forskarar, kunstnarar og turistar vitja fjordane for å oppleve eit eineståande dramatisk og kontrastrikt landskap. Dette storslagne fjordlandskapet har gjort eit sterkt inntrykk på svært mange, og det har vore til inspirasjon for både diktarar og andre kunstnarar. Også for mange av dei som har busett seg i fjordlandskapet betyr naturen mykje. Lokalbefolkinga kjenner tilhøyrigheit, eigarskap og stoltleik over landskapet, og ein ser korleis natur- og kulturlandskapet forsterkar kvarandre og gjer opplevingsverdien endå større, både for tilreisande og dei som bur her. Den unike naturvenleiken ligg òg til grunn for verdsarvvedtaket.