Nominasjonsprosess

Det vart nytta om lag ti år på prosessen med å verte nominert til UNESCO si liste over verdas naturarv. Det vart sett ned lokale arbeidsgrupper i både Nærøyfjordområdet og Geirangerfjordområdet.

Desse hadde representantar frå både administrativt og politisk nivå, og i tillegg deltok representantar frå fleigrunneigarar og næringslag og frivillige organisasjonar. Arbeidsgruppene har m.a samla inn viktig informasjon til søknaden som vart sendt UNESCO i januar 2004. Andre viktige oppgåver var å orientere lokalsamfunn og andre interesserte.

Direktoratet for naturforvaltning fekk i oppdrag frå Miljøverndepartementet å leia arbeidet med å setje saman søknadsdokumentet for Vestnorsk fjordlandskap. I etterkant mottok statsparten tilbakemeldingar frå UNESCO på at den tekniske kvaliteten i den innhaldsrike norske søknaden var noko av det beste dei hadde motteke i konvensjonen si 30 årige historie.