Områdeskildring

Fjordar er mellom dei mest dramatiske og spektakulære landskapa på kloden.
Verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap femnar om delar av dei lengste, djupaste, smalaste og vakraste fjordane i verda. Dette er område med eit natur- og kulturinnhald som har trollbunde besøkande til alle tider. Mange reknar desse fjordane som sjølve symbolet på Noreg, det fremste fjordlandet i verda. Så er også det norske ordet "fjord" del av det internasjonale språket.

Verdsarvområdet er sett saman av to...

Les meir…

Fakta

Geirangerfjordområdet: Norddal og Stranda kommunar i Møre
og Romsdal fylke

Nærøyfjordområdet: Aurland, Vik og Lærdal kommunar i Sogn og
Fjordane fylke. Voss kommune i Hordaland fylke

Areal:
Totalt 1227 km2, inkl. 107 km2 sjøareal
Geirangerfjordområdet, 518 km2
Nærøyfjordområdet, 709 km2

Informasjon om overnattings- og servicetilbod:
Geirangerfjordområdet:
Destinasjon Geirangerfjord Trollstigen. www.visitgeirangerfjorden.com
Turistkontor tlf. + (47) 70 26 30 99

Geiranger...

Les meir…

Geologi og landform

Vestnorsk fjordlandskap ligg i dei inste delane av to fjordsystem som strekker seg heilt inn i dei sentrale fjellmassiva som skil Aust- og Vest-Noreg.

I tærtiærtida, for 2,5-55 millionar år sida, lyfta landet seg og danna eit høgt fjellmassiv parallelt med dagens kyst. I tida fram til iskappa la seg over landet, for 2,5 millionar år sidan, gravde elver ut djupe v-dalar langs svake sonar i berggrunnen. Under dei mange istidene som fylgde i kvartærtida forma ismassane på veg mot havet...

Les meir…

Planter og dyr

Vestnorsk fjordlandskap byr på eit rikt og variert plante- og dyreliv.

Dei korte avstandane mellom fjord og høgfjell, i tillegg til stadvis særs gunstige lokalklimatiske tilhøve, gjer at fjellblomar kan vekse side om side med artar ein helst knyter til sørlegare breiddegradar. Mangfaldet av planteartar er stort og variert i det brattlendte fjordlandskapet. På gamal kulturmark er det over tid utvikla sjeldne artar som krev beite og slått for å leve.

Verdsarvområdet har eit variert...

Les meir…

Kulturhistorie

Spor i landskapet syner at fjordområda har vore nytta av menneske heilt sidan isen trekte seg attende for 10.000 år sidan.

Fangstgraver og bogesteller i høgfjellet syner at villreinen har vore viktig for fjordfolket alt i steinalderen. Langs etter fjordane og oppe på berghyllene finn ein fleire små fjordgardar, dei fleste fråflytta. Sjølv om dei som busette seg der prøvde å plassere husa slik at dei låg tryggast mogleg til for snø- og steinskred, var dette likevel ein fare som mange...

Les meir…

Vakkert landskap

Geirangerfjordområdet og Nærøyfjordområdet er to fjordområde som har ry på seg for å vere av dei vakraste naturområda i Europa.

Dei siste 150 åra har forskarar, kunstnarar og turistar vitja fjordane for å oppleve eit eineståande dramatisk og kontrastrikt landskap. Dette storslagne fjordlandskapet har gjort eit sterkt inntrykk på svært mange, og det har vore til inspirasjon for både diktarar og andre kunstnarar. Også for mange av dei som har busett seg i fjordlandskapet betyr naturen...

Les meir…