Heim - Kven bestemmer over verdsarven?

Kven bestemmer over verdsarven?

Kven bestemmer eigentleg over verdsarven? Kva plikter følgjer med å ha ein verdsarvstatus, og kven har ansvaret for å følgje opp? Svaret er at det er mange som har ansvar. Skal vi forvalte verdsarven godt, må alle vere flinke til å samarbeide.

MenyEnglish

Foto: Jerv av Nils Olav Talgøy Foto: Møte med naturkreftene av Gry Mørk

UNESCO sit på toppen

Arbeidet med verdsarven vert styrt og leidd av Unesco. Unesco er FN-organisasjonen for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon (United Nations Educational, Scientific and Cultural Organization).

Målet for Unesco er å bidra til fred og tryggleik gjennom internasjonalt samarbeid på desse områda. Organisasjonen vart oppretta i 1945, og Noreg vart medlem i 1946. I innleiinga til Unesco-konstitusjonen står dette: «Since wars begin in the minds of men, it is in the minds of men that the defences of peace must be constructed.» Fredsarbeid er grunntanken for arbeidet i Unesco og verdsarvkomiteen.

Verdsarvkomiteen er det øvste avgjerande organet for alt som har med verdsarvkonvensjonen å gjere. I komiteen sit valde representantar frå 21 land. Dei møtest årleg for å behandle søknader om å få status som verdsarv, og dei gjer òg vedtak i saker når land som har verdsarvstader, ikkje følgjer opp pliktene sine med å ta vare på arven.

Verdsarvsenteret i Paris koordinerer det daglege arbeidet med verdsarven. Senteret har mange oppgåver:

  • førebur og organiserer møta i verdsarvkomiteen. Det er komiteen som bestemmer kva stader/objekt som skal få plass på verdsarvlista. Komiteen har 21 medlemmer, og dei har møte ein gong i året. Dersom 2/3 av medlemmene ber om det, kan dei òg ha ekstraordinære samlingar;
  • gir råd til statspartane om nye nominasjonar og oppfølging av eigne verdsarvstader
  • organiserer internasjonal bistand til stader som treng hjelp frå verdsarvfondet
  • følgjer opp statspartane sitt arbeid med å rapportere om tilstanden for verdsarvområda sine. Verdsarvområda må rapportere inn kvart 6. år;
  • følgjer opp med naudtiltak der verdsarven er i fare
  • organiserer kurs og konferansar for å auke kompetansen om verdsarven
  • utviklar undervisingsmateriell for at unge skal forstå verdien av verdsarven
  • spreier informasjon om verdsarven

Innsatsen for å sikre og ta vare på dei eineståande kultur- og naturverdiane i verda er berre éin del av det Unesco arbeider med. Du finn meir informasjon om Unesco på en.unesco.org og på unesco.no

Ansvaret til statsparten

Ein nasjon som skriv under verdsarvkonvensjonen, har forplikta seg til å arbeide for å identifisere, dokumentere og nominere potensiell verdsarv til verdsarvlista. Det er nasjonane som søkjer om å få område eller objekt på lista, mens verdsarvkomiteen avgjer om dei oppfyller krava om eineståande universell verdi.

Grunnprinsippet for verdsarvkonvensjonen er at nasjonane forpliktar seg til å ta vare på sin del av verdsarven. Samstundes har det internasjonale samfunnet plikt til å samarbeide for bevare ein arv som tilhøyrer alle. Verdsarvstatusen inneber ikkje ei ny form for vern. Arbeidet med å sikre og forvalte verdsarven skal følgje nasjonale rammer og lovverk.

Kvart sjette år får Unesco rapport om status for verdsarvstadene. Rapporten avdekkjer om forvaltinga må justerast. Dersom utviklinga har vore uheldig, kan området bli ført opp på lista over «verdsarv i fare». Dersom verdiane er sterkt skadde eller forringa, kan området bli fjerna frå verdsarvlista.

Ansvaret til departementa og direktorata

Klima- og miljødepartementet (KLD) har øvste ansvaret for å koordinere og følgje opp arbeidet med verdsarvstatusen i Noreg. KLDs kulturmiljøavdeling har rolla som nasjonalt kontaktpunkt for konvensjonen. Mange andre departement har òg sektoransvar knytt til verdsarvstatusen, som samferdsel, kultur, næring og fiskeri, energi, kommunal- og modernisering, kunnskap, landbruk og mat, justis og beredskap.

I fleire stortingsmeldingar har Stortinget flagga svært høge ambisjonar for dei norske verdsarvområda: «Norske verdsarvområde skal utviklast som fyrtårn for den beste praksisen innanfor natur- og kulturminneforvalting.» Dersom Noreg skal nå desse ambisjonane, er det viktig å få til eit godt og heilskapleg samarbeid mellom dei departementa som har medansvar for verdsarven. Fagdirektorata ved Riksantikvaren (RA) og Miljødirektoratet (MD) har ansvar for fagleg oppfølging av konvensjonen på kvar sine felt: RA for kulturarven og MD for naturarven.

Ansvaret til statsforvaltaren og fylkeskommunane

Statsforvaltaren er staten sin representant i fylket og skal følgje opp vedtak, mål og retningsliner som Stortinget og regjeringa har bestemt. Fylkeskommunen har ansvaret for regional forvalting og utvikling, og har mellom anna ansvar for vidaregåande opplæring, næringsutvikling, regional samferdsel, og kultur og kulturminne- og kulturmiljøforvalting i fylket. Dei har førstelineansvaret for kulturminne. Det vil seie at dei mellom anna skal uttale seg om alle planar som kan ha innverknad på verdsarven, og kome med motsegner dersom planane kjem i konflikt med verdsarvverdiane.

Då Vestnorsk fjordlandskap fekk verdsarvstatus, signerte både statsforvaltaren og fylkeskommunane intensjonserklæringa «Declaration of Intent». Det same gjorde kommunane. Såleis har alle dei tre forvaltingsnivåa ansvar for å ta vare på verdiane i landskapet og sikre at verksemder kan drivast og lokalsamfunnet utviklast utan at verdsarvverdiane vert skadde.

Kommunane har ansvaret lokalt

Kommunane har ansvaret for forvaltinga og utviklinga på lokalt nivå. Plan- og bygningslova er den viktigaste styringsreiskapen, og lova gjeld for alle sektorane. I Stortingsmelding 35 (2012–2013) står det at ansvaret for verdsarven bør kome tydeleg fram i alle relevante fylkeskommunale og kommunale planar. Desse planane skal òg bidra til å realisere internasjonale konvensjonar, mellom anna verdsarvkonvensjonen. Kommunane har ei nøkkelrolle fordi dei har vedtaksmynde etter plan- og bygningslova. Tiltak utanfor verdsarvområdet kan òg verke inn på verdsarvverdiane, så kommunane har eit stort ansvar for å sjå heilskapen og gjere vedtak som tek vare på den eineståande natur- og kulturarven.
I arbeidet for å kome på verdsarvlista var det eit vilkår at det var lokal medverknad og interesse for prosjektet. I denne prosessen forplikta òg kommunane seg til å verne om verdsarven i framtida gjennom å signere intensjonsfråsegna «Declaration of Intent».

Ansvaret til verneområdeforvaltarane

Store delar av verdsarvområdet er verna som landskapsvernområde eller naturreservat. Områda har lokal forvalting, og eigne styre står for dette arbeidet. Styra følgjer dei rammene som naturmangfaldlova, verneforskriftene og forvaltingsplanane set for verneområda. Kvart delområde har verneområdeforvaltarar som har det daglege forvaltingsansvaret. Det er verneområdeforvaltaren du skal kontakte dersom du lurer på kva som er lov og ikkje innanfor eit verneområde. Hugs at fleire tiltak eller saker i verneområda krev løyve både frå verneområdeforvaltinga og frå kommunen.

Forvaltarane førebur saker til styret, men dei kan òg gi løyve til tiltak når styret har delegert dei mynde til det. Verneområdeforvaltarane er tilsette hos statsforvaltaren. Natur- og kulturverdiane skal vege tyngst og takast mest omsyn til når verneområdeforvaltinga gjer sine vedtak.

Les meir om korleis verdsarvområda vert styrte, i forvaltingsplanane for dei to delområda:

Ansvaret til Statens naturoppsyn (SNO)

Statens naturoppsyn har ansvaret for halde tilsyn med verneområdet på vegner av miljøforvaltinga. Dei kan setje i verk skjøtselstiltak som rydding og hogst for å hindre attgroing og spreiing av uønskte artar, eller leggje til rette for at vi lettare kan bruke områda. Dei har òg tilsyn med kulturminne og kan gjere skjøtselstiltak. SNO følgjer òg med på om tiltak vert gjennomførte i tråd med vedtaka, og dei arbeider med å rettleie og informere om korleis vi skal opptre i naturen for å ta vare på han. Ei viktig oppgåve er å førebyggje miljøkriminalitet.

SNO har stillingar knytte til verneområda kring både Geirangerfjorden og Nærøyfjorden.

Ansvaret til dei lokale stiftingane

Lokale stiftingar følgjer opp arbeidet med verdsarven i dei to fjordområda:

Den ideelle stiftinga Geirangerfjorden verdsarv er oppretta av kommunane Norddal (no Fjord) og Stranda saman med Møre og Romsdal fylkeskommune. Stiftinga held til på Besøkssenter verdsarv / Norsk Fjordsenter i Geiranger. Sentrale arbeidsoppgåver er å formidle naturarven Vestnorsk fjordlandskap, samarbeide for ei berekraftig og grøn utvikling, bevare (m.a. gjennom restaurering av kulturminne), byggje kompetanse kring verdsarvverdiane og vere ein arena for vitskapleg forsking på området.

Nærøyfjorden Verdsarvpark er ei stifting oppretta av kommunane Aurland, Vik, Lærdal og Voss saman med Sogn og Fjordane fylkeskommune (no Vestland fylke). Partnarane er innbyggjarar med engasjement for området dei bur og lever i: einskildpersonar, verksemder, lag og organisasjonar. Gjennom partnarskapsavtalen er dei med i eit nettverk, der dei bidreg med initiativ og det dei er gode på. Slik får dei styrkt sine eigne satsingar samstundes som dei saman tek vare på og utviklar det unike området.

Kva gjer verdsarvkoordinatorane?

Både Geirangerfjordområdet og Nærøyfjordområdet har tilsett eigne koordinatorar som skal passe på verdsarven. Dei har ei uavhengig rolle og har fått eit særleg ansvar for å varsle dersom dei ser at verdsarvverdiane på nokon måte kan vere truga.

Verdsarvkoordinatorane har ikkje forvaltingsansvar, men skal vere eit bindeledd mellom lokalt nivå og regional og statleg forvalting. Dette er personar som må kjenne delområda sine godt og ha oversyn over både tilstanden og trugslane. I tillegg er det viktig at dei driv nettverksarbeid, slik at vi får engasjert viktige ressursar og fagpersonar i arbeidet med å ta vare på verdsarven. Koordinatorane er sekretariat for verdsarvrådet.

Rolla til verdsarvrådet

Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap har møte to gonger i året. Det er eit rådgivande organ som behandlar saker som vedkjem verdsarvområdet. Føremålet er å syte for godt samarbeid og sikre at retningslinene i verdsarvkonvensjonen og forvaltingsplanen for området vert følgde. Rådet skal samordne initiativ og aktivitetar i dei to delområda, og fremje saker som er viktige for å ta vare på verdsarven. Kulturlandskapssaka er den saka som rådet for Vestnorsk fjordlandskap har arbeidd mest med. Her har rådet greidd å auke ressursane til beitebasert landbruk for å ta vare på kulturlandskapet. Men enno er ikkje tiltaksmidlane på det nivået dei bør vere.

Verdsarvrådet består av representantar frå kommunane, fylkeskommunane og statsforvaltaren. I tillegg har representantar frå andre aktørar rolle som observatørar. Dette gjeld Miljødirektoratet, Riksantikvaren, Sjøfartsdirektoratet, verneområdeforvaltarane, styreleiarane for verdsarvstiftingane, Statens naturoppsyn og Klima- og miljødepartementet.

Trygve Skjerdal, ordførar i Aurland kommune, er leiar av verdsarvrådet.
Eva Hove, ordførar i Fjord kommune, er nestleiar.

Slik vert verdsarvstadene finansierte

Dei norske verdsarvstadene har fast driftsfinansiering som vert fordelt gjennom Miljødirektoratet (Vestnorsk fjordlandskap og Vegaøyane) eller Riksantikvaren (dei seks andre norske verdsarvstadene). Denne finansieringa dekkjer kostnader knytte til koordinatorfunksjonen og verdsarvrådet, og i tillegg blir det løyvd midlar til aktivitetar for å formidle om og ta vare på verdsarven.

Autoriserte verdsarvsenter får òg fast driftsfinansiering, og kan i tillegg søkje om prosjektmidlar. I Geiranger fekk Norsk Fjordsenter slik status i 2015, medan ein framleis arbeider med å få på plass eit senter i Nærøyfjorden.

Riksantikvaren løyver midlar til å ta vare på kulturminne i verdsarvområdet. Det er fylkeskonservatoren som fordeler desse midlane og følgjer opp det praktiske arbeidet.
Kommunane har forvaltingsmynde over verdsarvmidlane som går til kulturlandskap. Midlane er løyvde frå Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet.
Elles bidreg òg fylkeskommunane og kommunane sjølve med midlar til verdsarvområda.

Skal vi nå dei høge statlege ambisjonane for verdsarvområda, må vi leggje ned større ressursar i verdsarven enn vi gjer no.