Heim - Vegen mot verdsarvstatus

Vegen mot verdsarvstatus

Somme byggverk og naturområde har så stor verdi for alle menneske at vi aldri kan erstatte dei dersom dei går tapt. Verdssamfunnet har eit felles ansvar for å ta vare på desse stadene slik at også generasjonane som kjem etter oss, kan oppleve dei og gle seg over dei. Men korleis kjem eit område på verdsarvlista?

MenyEnglish

Foto: Blomberg ved Geirangerfjorden av Per Eide Foto: Platålandskap ved Nærøyfjorden av Finn Loftesnes

Eineståande verdsarv

Det er Unesco (FN-organisasjonen for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon) som avgjer kva område eller objekt som har slik eineståande universell verdi. Verdsarvkomiteen i Unesco vurderer dette grundig ut frå faglege tilrådingar og fleire strenge kriterium. Stadene som kjem gjennom nålauget, vert sette på verdsarvlista.

Verdsarvlista – World Heritage List – vart etablert av Unesco i 1972. Lista har som mål å verne om kultur- og naturarven i verda. For å kome på lista må ein stad oppfylle minst eitt av ti kriterium. Seks av kriteria er knytte til kulturverdiar, og fire er knytte til naturverdiar. Verdsarvlista syner kva stader eller objekt som er skrivne inn på naturfagleg grunnlag, og kva som er skrivne inn på kulturfagleg grunnlag. Nokre stader er «blanda stader», og står på lista fordi dei utmerkjer seg med både natur- og kulturkvalitetar.

Her kan du lese meir om kriteria

Verdsarvkonvensjonen

Verdsarvkonvensjonen har stor utbreiing og er underskriven av 194 land. Han heiter formelt «Konvensjonen for vern av verdas kultur- og naturarv» og vart vedteken i 1972, etter at kulturminne og naturområde i aukande grad hadde vore utsette for press frå krigar, naturkatastrofar, forureining, turisme – eller berre ganske enkelt forfall.

Konvensjonen oppmodar alle land til å verne kultur- og naturarv av lokal eller nasjonal betydning. Hovudmålet er å identifisere kultur- og naturarv som har eineståande universell verdi og betyr noko for alle menneske. Behovet for eit felles løft, både menneskeleg og økonomisk, vart synleg gjennom den internasjonale redningsaksjonen av kulturminne i Egypt og Nubia då Aswan-dammen skulle byggjast i 1960-åra. Tiltaket ville ha ført til at dei eldgamle Abu Simbel-templa vart overfløymde og øydelagde. Seksti land deltok i redningaksjonen, mellom dei Noreg.

Sekretariatet for konvensjonen (Unesco World Heritage Centre) held til i Paris.

Les heile verdsarvkonvensjonen her

Meir bakgrunn om verdsarvkonvensjonen finn du her

Korleis få verdsarvstatus?

Verdsarvkomiteen (21 statspartar) avgjer på det årlege komitémøtet kva for nye område eller objekt som skal føyast til verdsarvlista, etter nominasjonar frå partslanda. Det er ein lang og omfattande prosess å få eit objekt eller eit område på verdsarvlista. I Noreg er det Klima- og miljødepartementet som har ansvaret for arbeidet knytt til verdsarven, men arbeidet med å nominere nye stader må òg vere godt forankra lokalt. Du får meir informasjon om søknadsarbeidet hos kulturminneavdelinga i Klima- og miljødepartementet.

Dersom dei nye nominasjonane oppfyller dei tekniske krava til innhald, vert dei overførte til Verdas naturvernunion (IUCN) og Det internasjonale rådet for kulturminne (ICOMOS) for fagleg vurdering. Desse rådgivande organa skriv ei fagleg tilråding til verdsarvkomiteen, som deretter tek den endelege avgjerda. Evalueringsprosessen tek eitt og eit halvt år og inneber feltbesøk og drøftingar i internasjonale vitskapspanel som er sette saman for å dekkje sentrale tema i søknaden.

Verdsarv i Noreg

Noreg fekk sine første to nominasjonar førte opp på verdsarvlista til Unesco allereie i 1979: Bryggen i Bergen og Urnes stavkyrkje. Seinare kom desse norske objekta til:

  • Bergstaden Røros (1980)
  • Bergkunsten i Alta (1985)
  • Vegaøyane (2004)
  • Struves meridianboge (2005)
  • Vestnorsk Fjordlandskap (2005)
  • Rjukan-Notodden Industriarv (2015)

Med unntak av Vestnorsk fjordlandskap er alle kulturobjekt. Vestnorsk fjordlandskap vart skrive inn på lista 14. juli 2005 under det 29. komitémøtet i Durban i Sør-Afrika, og vart det første verdsarvobjektet i Noreg med grunnlag i naturarven.

Du finn meir informasjon om dei norske verdsarvstadene her.

Verdsarv i verda

Meir enn tusen stader og objekt rundt om i verda har fått plass på verdsarvlista til Unesco. Dei fleste har grunnlag i kulturarven, langt færre i naturarven. Innskrivingane svingar frå dei vakraste naturområde, som til dømes korallrevet Great Barrier Reef, nasjonalparken Yellowstone og Victoriafalla, via eineståande byggverk som pyramidane i Egypt og den kinesiske muren, til minne etter grufulle historiske hendingar som konsentrasjons- og utryddingsleirane i Auschwitz-Birkenau.

Unesco arbeider for at verdsarvlista skal vere mest mogleg representativ. Dei fleste nasjonar har natur- eller kulturarv av eineståande universell verdi. Diverre er det slik at det òg har gått politikk i verdsarvarbeidet. Det er stor prestisje i å få stader eller objekt på lista, og difor er det ikkje alltid faglege vurderingar som får gjennomslag når nye nominasjonar når fram. Lista er i dag dominert av kulturarv framfor naturarv, og av rike land framfor fattige land.

Den lange reisa mot verdsarvlista

Det tok om lag ti år å få Vestnorsk fjordlandskap på Unesco-lista over verdas naturarv. Arbeidet var omfattande, med mange involverte også lokalt. Lokale arbeidsgrupper i begge fjordområda jobba med nominasjonsprosessen. I gruppene sat representantar frå administrativt og politisk nivå, og også frå fleire grunneigarar, næringslag og frivillige organisasjonar. Arbeidsgruppene samla inn viktig informasjon til søknaden, samtidig som dei hadde ansvaret for å orientere lokalsamfunn og andre interesserte.

Direktoratet for naturforvaltning (no Miljødirektoratet) fekk i oppdrag frå Miljøverndepartementet å leie arbeidet med å utforme søknadsdokumentet for Vestnorsk fjordlandskap. Søknaden vart send til Unesco i januar 2004. I etterkant har Unesco gitt tilbakemelding om at den innhaldsrike norske søknaden var blant dei beste dei nokon gong har fått.

Søknadsdokumentet til Vestnorsk fjordlandskap finn du her

Vedtaket: Endeleg på verdsarvlista

Vestnorsk fjordlandskap med delområda Geirangerfjorden og Nærøyfjorden vart skrive inn på verdsarvlista til Unesco 14. juli 2005 under det 29. komitémøtet i Durban, Sør-Afrika.

Området vart skrive inn med grunnlag i to naturkriterium: nummer 7, på grunn av den eineståande vakre naturen, og nummer 8, fordi det viser viktige fasar av jordhistoria, med pågåande geologiske prosessar som formar landskapet, og viktige geomorfologiske eller fysiografiske element.

I 2014 fekk det opphavlege vedtaket eit retrospektivt tillegg, slik at alle innskrivingane skulle vere i samsvar med ein ny felles mal. Her kom mellom anna føringar for forvaltinga av verdsarvområdet med.

Fråsegn om eineståande universell verdi for  verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap – Geirangerfjorden og Nærøyfjorden

Vedteke av Verdsarvkomiteen på den 38. sesjonen (DOHA, 2014)
(Den offisielle vedtaksteksten er engelskspråkleg og gjeld føre den norske omsetjinga.)

Kort samandrag

Det dramatiske landskapet rundt Geirangerfjorden og Nærøyfjorden utmerkjer seg med storleik og prakt i eit land med mange spektakulære fjordar. Desse fjordane ligg i den sørvestlege delen av Noreg og er blant dei lengste og djupaste fjordane i verda. Breidda varierer frå berre 250 m på det smalaste til 2,5 km på det breiaste. Ordet «fjord» kjem frå norsk, og er nemninga på ei lang, djup havbukt mellom høge klippar, danna av isbrear som har forma og fordjupa ein tidlegare dal. Dei to vestnorske fjordane blir rekna som klassiske og utfyllande eksempel på dette fenomenet – ein typelokalitet for fjordar som framleis gjennomgår aktive geologiske prosessar.

Mange fossar og frittflytande elvar, lauvskog og barskog, brevatn, isbrear, grovskorne fjell og ei rekkje andre særdrag i naturen gjer at Geirangerfjorden og Nærøyfjorden står fram som eit av dei mest naturskjønne landskapa i verda. Dei to fjordane består av to område som til saman dekkjer eit areal på 1227 km². Av dette er 107 km² sjø. Ein avstand på 120 km skil dei to fjordane. Dei er ein del av det vestnorske fjordlandskapet som strekkjer seg 500 km frå Stavanger i sør til Åndalsnes i nordaust. Det finst fleire bygder og dalar med busetnad langs fjordane i dette området. I tillegg er landskapet rikt på (men ikkje dominert av) spor etter menneskeleg busetnad frå tidlegare tider, og det utfyller og aukar den samla verdien av området.

Kriterium (vii): Områda kring Geirangerfjorden og Nærøyfjorden blir rekna som eit av dei mest naturskjønne fjordområda på kloden. Det som gjer dei så eineståande vakre, er dei tronge dalgangane med bratte, krystallinske bergsider som strekkjer seg frå 500 m under vassflata til 1400 meters høgde over Norskehavet. Talrike fossar kastar seg utfor dei stupbratte fjellveggene, medan tallause elvar flyt fritt frå takkete fjell, brear og bresjøar, gjennom lauvskog og barskog, ned mot fjorden. I tillegg er her eit stort mangfald av naturfenomen både på land og i fjorden, som undersjøiske morenar og sjøpattedyr. Ruinar av eldre og no for det meste fråflytta gardsbruk og stølar tilfører ein kulturell og menneskeleg dimensjon til det dramatiske naturlandskapet.

Kriterium (viii): Vestnorsk fjordlandskap er klassiske, velutvikla fjordar som blir rekna som typelokaliteten for fjordlandskap i verda. Dei kan jamstillast med andre fjordar som står på Verdsarvlista når det gjeld storleik og kvalitet, men utmerkjer seg med sine klimatiske og geologiske tilhøve. Området inneheld alle typar av landformer knytte til dei indre delane av to av dei lengste og djupaste fjordane på kloden, og dei viser tydeleg korleis breane aktivt utvikla seg i istida under pleistocen-epoken. I dei bratte fjellsidene, med overflater som er blankskurte av is og bølgjer, ser vi tydelege, samanhengande snitt gjennom grunnfjellet. Dei isostatiske gjenopprettingsprosessane i jordskorpa etter istida kan lesast ut av dei omdanna bergartane i fjordlandskapet. Området er såleis eit nøkkelområde for vitskaplege studiar av ustabile fjellparti og dei farane dei representerer.

Heilskapen

Dei to fjordområda inneheld alle kjenneteikna som karakteriserer eit fjordlandskap og korleis det har utvikla seg geologisk. Her finn vi fjordbasseng som går djupt under havnivået, tydelege fjordtersklar, høge og bratte klipper, rassår og skredurder, morenar, moreneavleiringar, hengjedalar, agnordalar (forma av elveinnfanging), isbrear, elvar, fossar og kringliggjande fjell- og nedbørsområde. Kvar fjord har si morfologiske og geologiske historie, og dei har ulik geo-morfologisk eigenart. Sett som eitt område finn vi i Nærøyfjorden og Geirangerfjorden dei fleste kjenneteikna på eit fjordlandskap og den geologiske utviklinga. Grensene for dei to nærskylde områda er i tråd med dette trekte slik at dei omfattar og tek vare på den geologiske eigenarten og landskapskvalitetane. Lovgiving, bemanning, finansiering og institusjonar på staden er gode og sikrar samanheng og heilskap.

Av dei 200 fjordane langs vestkysten av Noreg er Nærøyfjorden og Geirangerfjorden minst påverka av menneskeleg aktivitet som til dømes vasskraftverk og infrastruktur. Det blir vunne ut peridotitt utanfor Geirangerfjord-området, og det finst planar for eit nytt steinbrot i nærleiken. Inngrepa skjer på avgrensa område, og dei skal setjast i stand att etter at utvinninga tek slutt. Det finst ei anortosittgruve i Nærøyfjord-området, og denne bergverksdrifta kan bli utvida i framtida. Sjølv om anlegget ikkje har direkte tilknyting til sjølve fjorden, er det synleg frå vegen i Nærøydalen.

 

Krav til verne- og forvaltningsarbeidet

Størstedelen av området er verna under IUCN-kategorien V: «Protected Landscape» landskapsvernområde, og fleire mindre område høyrer inn under kategori I: «Strict Nature Reserve» – naturreservat. Lovreglane som er nedfelte i den norske naturmangfaldslova, gir langtidsvern for heile spekteret av naturverdiar. 85 prosent av området er privat eigedom, og områda med busetnad er strengt regulerte etter plan- og bygningslova med tilhøyrande planverk på fylkes- og kommunenivå.

Eit effektivt forvaltingssystem omfattar rådgivande komitear og eit forvaltingsråd som møtest med jamne mellomrom for å leggje til rette for nødvendig styringssamarbeid og koordinering. Ei intensjonserklæring som alle relevante nasjonale etatar, kommunestyre, fylkesting og fylkesmenn har signert, skisserer samarbeidstiltaka og «garanterer at verdiane i området vil bestå».

Ein omfattande forvaltingsplan tek for seg forvaltingsmål og inneheld retningslinjer for korleis vi kan ta vare på den eineståande universelle verdien i eit langsiktig perspektiv. Overvakingssystema som finst i området, må utviklast vidare.

Presset frå turismen er stort i begge fjordområda, men konsekvensane er avgrensa, sidan dei fleste turistane kjem til området med cruiseskip gjennom ein kort sesong. Forvaltingsplanar for reiselivet er ein viktig reiskap for å ta vare på den eineståande universelle verdien til dette området for framtida.

Gruvedrift og underjordisk mineralutvinning kan vekkje uro, og det blir ikkje gitt løyve til å utvide desse næringsaktivitetane utan at det ligg føre ei konsekvensutgreiing for miljøet. Dette sikrar at moglege følgjer, medrekna utførselen av utvunne materiale og behovet for ein infrastruktur i samband med det, ikkje påverkar den eineståande universelle verdien til området.

Geofarar – farar for befolkninga på grunn av dei geologiske eigenskapane og prosessane i eit område – kan truge busetnad og infrastruktur. Dersom det skal gjennomførast fleire tiltak for å verne om menneskeliv, må det det gjennomførast detaljerte konsekvensutgreiingar for å sikre at løysingar og tiltak er i samsvar med den universelle verdien til området. Beredskapsplanar som er integrerte i den heilskaplege forvaltingsplanen, er avgjerande for dette området.