Heim - Verdsarven Vestnorsk fjordlandskap

Verdsarven Vestnorsk fjordlandskap

Fjordlandskapet er blant dei mest dramatiske og spektakulære landskapsformene som finst.

Verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap omfattar dei to delområda Geirangerfjorden og Nærøyfjorden, som begge byr på eit breitt spekter av naturopplevingar.

MenyEnglish

Foto: Kallskaret naturreservat av Merete Løvoll Rønneberg Foto: Padling på Nærøyfjorden av Øyvind Heen

Eineståande kvalitetar

Naturen og kulturen i verdsarvområdet har trollbunde besøkjande til alle tider. Mange reknar desse fjordane som sjølve symbolet på Noreg, det fremste fjordlandet i verda. Så har også det norske ordet «fjord» gått inn i det internasjonale språket.

Med store høgdeskilnader og kort veg mellom sjø og høgfjell er naturmangfaldet stort. Begge delområda er utan større tekniske inngrep. Dei naturlege geologiske prosessane som har forma og utvikla fjordane, er ikkje påverka av menneska. Samla har områda kvalitetar som gjer at dei er førte opp på Unesco-lista over verdas kultur- og naturarv.

Vakkert fjordlandskap

Geirangerfjordområdet og Nærøyfjordområdet har ry på seg for å vere av dei vakraste fjordlandskapa i verda. Dei siste 150 åra har forskarar, kunstnarar og turistar vitja fjordane for å oppleve den dramatiske og kontrastfylte naturen. Det storslåtte fjordlandskapet har gjort eit sterkt inntrykk på mange, og det har inspirert diktarar og andre kunstnarar. Natur- og kulturkvalitetane forsterkar kvarandre i eit fint avstemt samspel. Dette ønskjer vi at alle besøkjande skal få oppleve.

Vestnorsk fjordlandskap er skrive inn på verdsarvlista etter to av ti kriterium. Det oppfyller mellom anna kriterium nr. 7, og «… omfattar særskilde naturfenomen eller område med eineståande naturvenleik eller estetisk verdi».

Eit levande geologisk landskap

Vestnorsk fjordlandskap er også skrive inn etter kriterium nr. 8: Området viser døme på viktige fasar i jordhistoria, samtidig som landskapet framleis blir forma av dei geologiske prosessane. Området er eit viktig «naturhistorisk laboratorium» som kan auke kunnskapen om korleis landskap blir danna, og om kva følgjer klimaendringane kan få.

Dei mange og varierte landskapsformene syner korleis elvar og isbrear har forma fjordlandskapet: I tertiærtida, for 2,5–55 millionar år sidan, løfta landet seg og danna eit høgt fjellmassiv. Elvar grov ut djupe V-dalar i berggrunnen, før dei mange istidene som følgde i kvartærtida, slipte om V-dalane til store U-dalar med høge og bratte fjellsider. Men fjordlandskapet er ikkje ferdig utvikla, det er eit ungt og levande landskap i stadig endring.

Kvar vinter må folk som bur her, vere budde på store snøskred, og steinsprang og fjellskred høyrer til kvardagen elles i året.

Menneska skaper kulturlandskap og kulturmiljø

Tenk at menneska har nytta dette landskapet heilt sidan isen trekte seg tilbake for kring 10 000 år sidan! Fangstgraver og bogestelle i høgfjellet fortel at villreinen var viktig for fjordfolket alt i steinalderen. Langs fjordane og oppe på berghyllene ligg fleire små fjordgardar. Folket som busette seg her, dreiv eit nøysamt jordbruk og tilpassa seg ein farefull natur. Samstundes hausta dei av naturen gjennom å fiske og jakte, plukke og sanke.

I dag har svakare økonomi i landbruket ført til at mange sluttar som bønder. Det betyr færre dyr på beite. Held utviklinga fram, vil kulturlandskapet gro att, og då mistar vi kulturhistorie og viktige verdiar. Mange bønder i verdsarvområdet får ekstra støtte for å kunne drive vidare og hindre attgroing. Eit aktivt kulturlandskap med dyr på beite flettar fortid og notid saman og gir oss ei djupare forståing for korleis alt heng saman. Tek vi vare på landbruket med beitedyr, får også komande generasjonar oppleve det levande kulturlandskapet.

Les meir om tiltaksplanen for kulturlandskapet i verdsarvområda på Statsforvaltaren sine nettsider.

Ville vekstar og dyr

Variasjonen i dyre- og planteliv er særmerkt for Vestnorsk fjordlandskap, som ligg der klimasonene frå aust og vest og frå nord og sør kryssar kvarandre. Tenk for eit mangfald som finst her av ville vekstar, fisk, fugl, insekt og dyr! Landskapet omfattar også både dei djupaste fjordbotnane og fjell som er meir enn 1800 meter høge.

Her veks fjellblomar side om side med artar vi helst finn på sørlegare breiddegrader. På gammal kulturmark veks det sjeldne planter som krev beite og slått for å leve. Noreg har eit særleg forvaltingsansvar for somme artar, til dømes villrein, fjellrev, gaupe, oter, lemen, kvitryggspett og nise. Fuglelivet femnar om alt frå sjø- og vadefuglar kring fjordane til skogsfugl i dalsidene og til sist artar som er typiske for høgfjellet.

Landskapsvern og naturreservat

Størstedelen av verdsarvområdet er verna som landskapsvernområde. Vernet gjer oss ekstra merksame på dei verdiane vi må ta vare på for ettertida. Det særprega fjell- og fjordlandskapet har eit rikt dyre- og planteliv. Kulturlandskapet og spora etter menneska som har budd her, har tilført naturlandskapet nye verdiar. I tillegg høyrer Geirangerfjorden og Nærøyfjorden til ei eksklusiv klasse: Dei er urørte og upåverka av store vasskraftutbyggingar. Her renn alle elvane fritt ned til fjorden. Landskapsvernet skal sikre at det er slik i framtida òg.

Vernet set grenser for kva vi kan gjere i naturen. Målet er ikkje å gjere det vanskeleg for folk, men å hindre at viktige naturverdiar går tapt. Somme område er ekstra verdifulle og er verna som naturreservat. Her er reglane for ferdsel og inngrep svært strenge. Vi treng den urørte naturen. Om vi ikkje sikrar han i det einaste naturområdet i Noreg på verdsarvlista til Unesco, kvar skal vi då gjere det?

Verna vassdrag i verdsarven

Elvane, bekkane og fossane spelte ei viktig rolle då fjordlandskapet vart til, og framleis grev og slit dei på berggrunnen og i morenejorda. Når vi ser korleis vatnet har grave, forstår vi litt av dei veldige kreftene i naturen. Desse naturkreftene har menneska og gjort nytte av, blant anna til vasskraftutbygging. Vasskraftutbygginga lagar store spor i landskapet med røyrgater, neddemde område og veldige damanlegg. Dette endrar det geologiske landskapet. Vasskraftutbygging er difor sterkt omstridd i verdsarven og kan truge Unesco-statusen.

I Vestnorsk fjordlandskap og randsonene er fleire vassdrag verna mot utbygging. Somme stader har det vore harde kampar for å få dette til, og striden har vore tøff i små bygder der alle kjenner alle. Men vassdragsvernet har vore viktig for å bevare urørte område, og kanskje grunnleggande for at ein seinare kunne nominere Vestnorsk fjordlandskap til verdsarvlista.

Geirangerfjordområdet

Nærøyfjordområdet

Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden er i tillegg under særskilt vern i Noreg som nasjonale laksefjordar. Nasjonale laksevassdrag og laksefjordar (miljodirektoratet.no)

Fakta og tal om Geirangerfjordområdet

Fjord kommune og Stranda kommune i Møre og Romsdal fylke

Areal: 518 km²

Verdsarvfjordar:

  • Geirangerfjorden (16 km)
  • Sunnylvsfjorden (22 km)
  • Tafjorden (8 km)

Busette areal: Bygda Geiranger

Verneområde:

  • Geiranger-Herdalen landskapsvernområde, 498 km². Oppretta 2004.
  • Kallskaret naturreservat, ca. 900 dekar. Oppretta 1984
  • Hyskjet naturreservat, ca. 525 dekar. Oppretta 2003

Fakta og tal om Nærøyfjordområdet

Voss herad, Aurland kommune, Vik kommune og Lærdal kommune i Vestland fylke

Areal: 709 km²

Verdsarvfjordar:

  • Nærøyfjorden (17 km)
  • Aurlandsfjorden (29 km)

Busette areal: Bygdene Undredal, Gudvangen, Nærøydalen, Bakka og Dyrdal

Verneområde:

  • Nærøyfjorden landskapsvernområde, 564 km². Oppretta i 2002.
  • Bleia-Storebotn Storebotnen landskapsvernområde, 66 km². Oppretta i 2004.
  • Grånosmyrane naturreservat 3,4 km². Oppretta i 1995.
  • Nordheimsdalen naturreservat, 13 km². Oppretta i 1999.
  • Bleia naturreservat, 22 km². Oppretta i 2004.
  • Geitanosi naturreservat, 22 km². Oppretta i 2020.